tirsdag 21. august 2012

Ein jakke til ?

Det blei vist det. Eldste jenta mi syntes at min var så fin, så ho og ville ha ein. Så ho valgte seg ut garn og farge sjølv og i løpet av helga så blei det ein jakke til ho og. Ho vart veldig fornøyd. Fekk bestemma lengde og slikt sjølv. Så dermed blei den akkurat slik som ho ville.

Har ein sterk mistanke om at eg må hekle ein til minstemor i huset og. Ho har allerede bestemt farge. Rosa så klart.



onsdag 15. august 2012

Jakken er ferdig !

Dette gjekk kjapt. Trur denne enkelt kan lagast i løpet av ei helg, dersom det skulle vera nødvendig. Og finast av alt med denne oppskrifta. Det er ingen delar som skal syast saman.





fredag 10. august 2012

Jakken

Sjå, det liknar på noko. Går kjapt dette.

Og nokre dagar seinare så begynner det verkeleg å likne på noko. Håpar å bli ferdig i dag.



torsdag 9. august 2012

Jakke på veg ?

Eg har i alle fall starta på ein jakke til meg sjølv. Eg håpar eg for den til, for den er så fin, men eg ser at det dukker opp noko rart om litt. Eg heklar no i vei og tar ting som dei kjem.


mandag 6. august 2012

Toppen er ferdig !

Dæven døtte, eg er igrunn ferdig. Eg kan hekle ein kant nede på toppen og på stroppane, men inntil vidare så blir den slik som dette.