Eg har begitt meg ut på eit hekle prosjekt. Eg starta i sommar og målet var å få ferdig eit teppe til jul. Høyres ikkje så vanskeleg ut det. Vel, eg trudde heller ikkje det. Heilt til eg begynte å hekle.
Svigers har ønska seg sengetepper til gjestehytta si. Og eg, den luringen, tenkte at eg skulle overraske dei med dette til jul . Når eg begynte midt på sommaren så skulle ikkje det vera noko sak. Tenkte eg.
Men, det var ein sak. For teppet består av lapper. Nærmare bestemt 135 av dei. Og då tok det litt tid. Ganske masse tid. For når eg endeleg var ferdig med alle lappane, så skulle dei jo heklast saman. Og etter det så skulle det jo heklast ein kant rundt. For ikkje å snakke om alle trådane som måtte festast.
Så det blei litt jobb. Og som tidligare nevnt, så er dette nr 1 av 4. Men eg begynte med det største, så dei andre går sikkert myyyykje kjappare. Yeh right.
 |
| Den spede start |
 |
| Når eg tok dette bilete så syntes eg at eg var kommen så langt. Det var eg ikkje. |
 |
| Her har eg så smått begynt å hekle lappane saman. 9 i bredden, 15 i lengden. |
 |
| Så var alle lappane kommen på plass og var hekla saman ein vei. No var eg lei heile teppet. |
 |
| Og sånn blei det etterkvart. Berre trådfesting og kant igjen. |
 |
| Og her er heile teppet omsider ferdig og kanten er og kommen på plass. |
Så då gjenstår det berre tre tepper til. Dette, som var det største, var til ei seng på 1,20*2 m. Dei andre er litt mindre så det neste trenger berre 7*15 og dei minste trenger 6*15 lapper. Så joda, det blir ein del arbeid til. Men, når det blri, det er det ingen som veit.
Teppene blir hekla i Drops paris på nål nr 5 (trur eg)