mandag 12. januar 2015

Uglevotter

Eg hadde sett på desse vottane lenge. Dei var jo så fine. Men dei såg vanskelige ut. Så eg la dei på vent. Men dei låg i bakhovudet og lura. Så nærma det seg ein bursdag i familien. Til ei meget ugleglad dame. Og då måtte eg jo berre prøve.

Så eg satte i gong.

Eg skal ikkje påstå at det var lett. Det var fintelling av masker og konsentrasjonen måtte vera på plass heile tida. Ellers blei det feil. Men det blei votter til slutt. Til å vera første forsøk på var eg ganske så fornøgd, men til ein annan gong så vil eg ha dei i andre farger. Synes ikkje ugla kom så godt fram som eg ville.

Uglevotter, strikka i sisu frå sandnesgarn
Oppskrifta er kjøpt hjå Jorids mønsterbutikk