fredag 27. februar 2015

Regnbueskjørt

Eller eit snurreskjørt om du vil.

Eg hadde eit nøste med Kauni garn liggande. Sett på det lenge, kva skulle det bli? Lurte ei stund på eit sjal, men nei, det stemte ikkje heilt for nøstet mitt. Det var liksom ikkje einig i det. Og så dukka snureskjørtet til Lucky rock designs opp. Strikka i Kauni. Og då falt alle brikkene på plass. Det var det nøstet mitt ville bli og.

Så då var det berre til å strikke i vei. Gjekk i grunn ganske så kjapt å strikke det.

Underveis
Ferdig skjørt, ligger til blokking



mandag 23. februar 2015

Ut på tur, utan strikketøy

Nei, det går ikkje.
Eg fekk ein hotellweekend i Bergen by, til jul av min mann. Med show fredag, kino lørdag og litt shopping og slikt lørdagen. Men eg hadde ikkje med meg noko strikketøy. Nett då så hadde eg ikkje noko å strikke på. Men eg var lur. Før eg reiste fredag, leita eg opp kva strikkebutikker som var i Bergen. Det måtte jo finnast nokon? Og joda. Eg viste allereie om Norwegian Spirit på togstasjonen, men no fann eg ein ute i gågata. Så då lørdagen kom, klødde eg i fingrane etter eit strikketøy. Så opp og ut med meg og ut for å finne butikk. Som sagt så gjort.
Og der fann eg eit nydelig sterk garn, som eg berre måtte ha. Og strikkepinnar som eg falt pladask for i etterkant.
Den spede start
Satte oss ned på ein kafe etterkvart og eg opp med pinanr og garn og la opp. Her skulle det blir sokker.

Og sokker vart det etterkvart. Eit nydelig sennepsfarga par dukka fram etterkvart. Serpentine socks av Wendy D. Johnson. Ho har mange fine, så eg har vist ei bok eller to av ho liggande på nettbrettet.

Tå opp og igrunn ganske kjappe og enkle å lage. Eg koste meg masse i helga. Både med strikketøy og hotellweekend.

Ferdig med sokkane.

Slange som bukter seg oppover

lørdag 14. februar 2015

Mormorsjal

Mormor hadde bursdag og ønska seg eit sjal. Så då måtte ho jo få det.
Endte opp med å strikke The elder tree shawl til ho. Det blei eit stort og fint sjal. Det eg ikkje likte med dette strikketøyet, var at eg ikkje såg kor stort det var. Så ein satt der å strikka, utan å ane storleiken på det. Eg måtte berre stole på oppskrifta som sa tre nøster og håpe på at det var stort nok. For mormor trengte eit sjal som dekka skuldrane og som ho kunne surre seg litt inn i.
Eg plundra litt med oppskrifta, men satte i gong og prøvde å ikkje tenke. Av og til, så er det det luraste. Berre gjere som det står i oppskrifta. Det blei bra til slutt. Og stort nok. 


Rosa sjal til ei dame på 87 år. Strikka i drops alpakka.
.