onsdag 1. april 2015

Frogging

Det var den veka då alt gjekk galt.

Begynte på fragile heart. Må berre rekkast opp att og begynne på nytt med eit anna garn. Det som eg begynte med stemte rett og slett ikkje.

Sokkane Vor lider samme skjebne. Dei blei nokre nummer for store, så dersom eg skal strikke dei i sterk, så må eg gå ned på pinnestorleiken ser eg. Men kor langt ned, det veit eg ikkje enno.

Og så var det tunikaen Still light. Eg har starta på den for leeenge sidan og lagt den vekk, fordi eg fekk så masse anna som måtte vera ferdig i tide til diverse. Så eg fann ut at den måtte vera eit kjekt påskestrikk.
Vel, det kan enno bli eit kjekt påskestrikk, men eg må ta opp at alt saman og fundere på den strikkestorleiken litt. Det som eg har strikka før er tett og fint. Når eg fortsatte no, med det eg trudde var samme pinne, så blei det søren meg ikkje mykje tett og fint. Så enten har eg endra strikkefastheten min, eller så har eg strikka med pittesmå pinnar første gongen.
Det som eg har strikka no, er på pinne 3, og det blir rett og slett ikkje fint. Men, eg har lite lyst til å rekke alt saman opp igjen.