lørdag 12. mai 2012

Ingen tunika

Ikkje i denne omgang i alle fall. Det var ingenting som stemte så eg blei berre sur. Får sjå om eg prøver meg på den litt seinare i sommar. Slik at ho kan få den til skulen starter igjen. Kanskje.

Så akkurat no sitter eg å grubler på om eg skal begynne på noko nytt å hekle eller om eg berre skal daffe med ei bok ? Det er lov det, når ein har fiksa og ordna huset til helga.

torsdag 10. mai 2012

Eg er gal !

Satt i gang med denne i går eg. Opprinnelig tenkt til den mellomste jenta mi på 17 mai. Har inga aning om den blir ferdig eller passelig. Å hekle noko slikt uten ei oppskrift som gjer skikkelege mål gjer eg ikkje igjen med det første.


tirsdag 8. mai 2012

Heklet skaut

Mellomste ville ha noko til å ha i håret, så då falt valget på denne. Må berre setta inn knapp så er den heilt ferdig.



søndag 6. mai 2012

Korleis heile hekleriene starta

Eg starta min hekle karriere ved å sjå på youtube videoar. Ut av det har det blitt nokre sjal og pulsvarmarar. Og nokre bestemorsruter.
Så var tida for å avansere litt. Så dermed fann eg oppskrift og satte i gong med kjolar til jentene mine. Fort gjort og begge jentene har fått kvar sin hekla kjole i garnet Paris.
Så har det blitt ein kjole til. Den er hemlig inntil vidare, men innmari fin. Har nettopp bestilt garn til ein jakke som eg håpar kan følgje med den siste kjolen.
Og så har eg hekla nok eit sjal. Etter oppskrift. Og det funker. Må slå opp inn i mellom, korleis dei ulike maskene blir laga, men eg får det til. Og det blir fint.

Bortsett frå nevnte jakke er eg litt usikker på kva eg skal setta i gong med no. Skal ut på garnjakt i morgon. Tenkte å lage nokre skaut til jentene mine. Eventuelt nokre fleire pulsvarmarar og sjal. Kan vera greit å ha liggande til jul. Og småting kan alltids vera greie å ha liggande til bursdagsbesøk og slikt.
Då var pulsvarmarar ferdig, sånn litt i siste liten. Ikkje heilt fornøgd, men det får stå sin prøve.

Oppskrifta har eg funne hjå ein annan bloggar, Hobbyugla. Link til blogg og oppskift finn de her

Sånn blei i alle fall mine, denne gongen. Fargen kjem ikkje heilt godt fram her, men dei er blågrønne.








lørdag 5. mai 2012

Pulsvarmere

Prøver meg på nokre pulsvarmarar. Kom plutselig på at eg måtte ha noko til ein konfirmant i morgon.

Lagde ein først. Den blei for liten. Hekla så ein til og fann ut at det var på tide å ta kvelden. Får ta den andre i morgon ( tidlig )

Link til mønster og slikt kjem, må berre finna rett blogg og slikt.


Hjertensfryd

Hei på deg
Ein liten blogg er i sin spede start. Om det blir noko ut av dette, er enno usikkert. Bloggen kjem til å dreie seg om mine små hobbyar og interesser.
Ettersom eg nylig har lært meg å hekle så kjem nok dette til å prege bloggen. Både prosjekter in spe og ferdige ting.
Foto leikar eg meg og med litt inn i mellom. Ikkje så mykje no som før, men eg har mine augenblikk.
Sidan eg studerer ernæringsfysiologi så er eg naturlig nok litt opptatt og interessert i mat og ting som er relatert til mat.
Og så klart familien min. Dei 3 trollungane mine, kjem nok og til å dukka opp med små gjesteopptredner inn i mellom.