Eg starta min hekle karriere ved å sjå på youtube videoar. Ut av det har det blitt nokre sjal og pulsvarmarar. Og nokre bestemorsruter.
Så var tida for å avansere litt. Så dermed fann eg oppskrift og satte i gong med kjolar til jentene mine. Fort gjort og begge jentene har fått kvar sin hekla kjole i garnet Paris.
Så har det blitt ein kjole til. Den er hemlig inntil vidare, men innmari fin. Har nettopp bestilt garn til ein jakke som eg håpar kan følgje med den siste kjolen.
Og så har eg hekla nok eit sjal. Etter oppskrift. Og det funker. Må slå opp inn i mellom, korleis dei ulike maskene blir laga, men eg får det til. Og det blir fint.
Bortsett frå nevnte jakke er eg litt usikker på kva eg skal setta i gong med no. Skal ut på garnjakt i morgon. Tenkte å lage nokre skaut til jentene mine. Eventuelt nokre fleire pulsvarmarar og sjal. Kan vera greit å ha liggande til jul. Og småting kan alltids vera greie å ha liggande til bursdagsbesøk og slikt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar