torsdag 28. juni 2012

Dette kan jo bli morsomt

Eg har starta på ein topp til meg sjølv. Eller, det var i alle fall det eg trudde og hadde tenkt. Har lest gjennom oppskrifta mange gongar, spurt på forum om dei ulike forkortelsane og følte meg omsider klar til å setta i gong. ( oppskrifta er jo såklart på engelsk ) Tok til og med å hekla fleire prøvelappar for å få storleik og alt rett.
Så satte eg i gong. 80 masker blei lagt opp ( eg stussa allerede her ) med pinne nr 4,5. Opp nesten ein storleik i forhold til oppskrifta.
1. omgang var noko stort knot. Eg holdt på å hive heile greia i frå meg der og då. Meeeen, underteikna er ein smule sta og hadde eg først satt i gong så skulle det fullførast.
2. omgang gjekk så mykje betre. Det begynte å ta form. Ivrig fortsatte eg ut omgangen. Så står det nokre greier sist på omgangen. At den no skal måle ca 42 cm. Jada, min måler 36 cm dersom eg draaaaar i den. Og det erjo ikkje heilt meininga.
Står så fint at no er tida for gjera endringar, slik at den passar. Jadda. Eg må studera opplegget litt. Den må i alle fall bli lengre oppe. Ser ut til at den passar over bysten, nedover er eg litt usikker. Lurer på om eg vil ha den lengre der og. Ulempen med alt dette er vel at eg må rekka alt opp igjen og ta h¤#%"%¤ etes omgangen på nytt.

Heile rakkelverket slik det ser ut no



 Øverste delen. Den første maskemarløren viser kor starten på bysten er. Det oppafor er liksom toppen. Så er det eit parti som skal komma rett under bysten og så fortsetter me på neste bilete.

Her er vel stykket som skal dekka magen. Den nederste maskemarkøren viser kor den utvider seg pitte litt heilt nederst. 


Eg veit ikkje eg. Det stemmer liksom ikkje. Eg vil ha den lengre oppe og over magen.
Toppen i sin heilhet ser de forresten på ravelry, her.

tirsdag 26. juni 2012

Ferdig

Då trur eg jakken vart ferdig. Knappar komen på og alt er sydd saman. Skulle igrunn vert ein krage på og, men den blei berre rar og ikkje fin. Så den forsvann fort vekk.
Håpar eg får gitt den til den lille snuppa som skal ha den snart.

Og neste prosjekt ligg klart. Topp til meg i garnet Vipe frå Dale.


søndag 24. juni 2012

Jakken 2

Det begynner jo å likne på ein jakke. Ingen som er meir overraska enn meg. Begge 7 omgangar igjen, så er sjølve jakken ferdig. Skal syast saman og visstnok ha litt meir dill på ermene og i halsen. Får no nett sjå på det.


lørdag 23. juni 2012

Jakken

Det store spørsmålet i heimen akkurat no: Blir dette til ein jakke til slutt ?
Alle delane er ferdig og eg har så vidt starta på jobben med å hekle det saman. Sett rart ut akkurat no, eg håpar det ser litt betre ut seinare. Det bør den, ellers blir det ein jakke til ein av jentene mine sine dukker.


mandag 18. juni 2012

Kjolen

No kan eg visa kjolen som eg hekla til niesa mi. Ho hatt fått den og eg trur jo hatt brukt den. Held på med ein jakke som eg har tenkt ho kunne bruka til, men det gått litt tregt akkurat no.
Bortsett frå det har det blitt eit skaut til og eg har planar om både jakke og topp til meg sjølv. Berre eg blir ferdig med den lille jakken først.