torsdag 28. juni 2012

Dette kan jo bli morsomt

Eg har starta på ein topp til meg sjølv. Eller, det var i alle fall det eg trudde og hadde tenkt. Har lest gjennom oppskrifta mange gongar, spurt på forum om dei ulike forkortelsane og følte meg omsider klar til å setta i gong. ( oppskrifta er jo såklart på engelsk ) Tok til og med å hekla fleire prøvelappar for å få storleik og alt rett.
Så satte eg i gong. 80 masker blei lagt opp ( eg stussa allerede her ) med pinne nr 4,5. Opp nesten ein storleik i forhold til oppskrifta.
1. omgang var noko stort knot. Eg holdt på å hive heile greia i frå meg der og då. Meeeen, underteikna er ein smule sta og hadde eg først satt i gong så skulle det fullførast.
2. omgang gjekk så mykje betre. Det begynte å ta form. Ivrig fortsatte eg ut omgangen. Så står det nokre greier sist på omgangen. At den no skal måle ca 42 cm. Jada, min måler 36 cm dersom eg draaaaar i den. Og det erjo ikkje heilt meininga.
Står så fint at no er tida for gjera endringar, slik at den passar. Jadda. Eg må studera opplegget litt. Den må i alle fall bli lengre oppe. Ser ut til at den passar over bysten, nedover er eg litt usikker. Lurer på om eg vil ha den lengre der og. Ulempen med alt dette er vel at eg må rekka alt opp igjen og ta h¤#%"%¤ etes omgangen på nytt.

Heile rakkelverket slik det ser ut no



 Øverste delen. Den første maskemarløren viser kor starten på bysten er. Det oppafor er liksom toppen. Så er det eit parti som skal komma rett under bysten og så fortsetter me på neste bilete.

Her er vel stykket som skal dekka magen. Den nederste maskemarkøren viser kor den utvider seg pitte litt heilt nederst. 


Eg veit ikkje eg. Det stemmer liksom ikkje. Eg vil ha den lengre oppe og over magen.
Toppen i sin heilhet ser de forresten på ravelry, her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar