Viser innlegg med etiketten presang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten presang. Vis alle innlegg

fredag 20. mars 2015

Sur og stressa

Eg har den siste tida jobbe med presanger til svigermor og svigerfar. Eit stort fint sjal blei det til svigermor. Og svigerfar, han skulle få eit par strikka sokker.

Sjalet tok tid, men det blei ferdig i god tid.

Sjalet er ca 150 cm langt og veg 110 g
Sjalet er strikka i drops alpakka silk brushed

Så då var det berre til å kaste seg over sokkane til svigerfar. Han skulle få ordentlige sokkar med "skitt fiske" på. Og eg satte i gong. Ivrig i starten, litt mindre ivrig når bokstavar skulle på plass, og forsvann ned i kjellaren då det skulle vera mønster både foran og bak på leggen etter bokstavane. Men eg fortsatte.
Hælen kom på plass og alt var felt av, så då var det berre til å dure framover på sokken. Men før eg gjorde det, så tenkte eg at mannen kunne prøve dei på, berre for å sjå kor mykje meir eg faktisk skulle strikke. Vel, han fekk ikkje bokstavpartiet over hælen sin han. Og begynte å snakke om utviding og slikt. Eg berre såg på han. Utvide? Sokken er nesten ferdig og så seier du at eg skal utvide.... Gnom!



Bursdagsbesøket for svigermor og svigerfar er i morgon. Nett no er eg usikker på om det blir noko presang til svigerfar

lørdag 14. februar 2015

Mormorsjal

Mormor hadde bursdag og ønska seg eit sjal. Så då måtte ho jo få det.
Endte opp med å strikke The elder tree shawl til ho. Det blei eit stort og fint sjal. Det eg ikkje likte med dette strikketøyet, var at eg ikkje såg kor stort det var. Så ein satt der å strikka, utan å ane storleiken på det. Eg måtte berre stole på oppskrifta som sa tre nøster og håpe på at det var stort nok. For mormor trengte eit sjal som dekka skuldrane og som ho kunne surre seg litt inn i.
Eg plundra litt med oppskrifta, men satte i gong og prøvde å ikkje tenke. Av og til, så er det det luraste. Berre gjere som det står i oppskrifta. Det blei bra til slutt. Og stort nok. 


Rosa sjal til ei dame på 87 år. Strikka i drops alpakka.
.

mandag 12. januar 2015

Uglevotter

Eg hadde sett på desse vottane lenge. Dei var jo så fine. Men dei såg vanskelige ut. Så eg la dei på vent. Men dei låg i bakhovudet og lura. Så nærma det seg ein bursdag i familien. Til ei meget ugleglad dame. Og då måtte eg jo berre prøve.

Så eg satte i gong.

Eg skal ikkje påstå at det var lett. Det var fintelling av masker og konsentrasjonen måtte vera på plass heile tida. Ellers blei det feil. Men det blei votter til slutt. Til å vera første forsøk på var eg ganske så fornøgd, men til ein annan gong så vil eg ha dei i andre farger. Synes ikkje ugla kom så godt fram som eg ville.

Uglevotter, strikka i sisu frå sandnesgarn
Oppskrifta er kjøpt hjå Jorids mønsterbutikk

lørdag 1. november 2014

Pippi kjole

Eg ville ha ein litt artig kjole til niese, men det var neimen ikkje lett å finna noko som eg syntes ville passe til det lille sjarmtrollet. Så kom eg over denne og det blei jo heilt rett. Fabel garnet hadde artige fargeskift, sjølv om eg til tider var svært skeptisk på om dette kom til å bli noko fint. Men når alt blei festa saman og kjolen ferdig, så vart den riktig så artig. Ein litt pippi aktig kjole.
Skjørtet tok tid å få ferdig, men når den jobben først var gjort, var resten av kjolen satt saman i ein fei. 
Twirlie girlie heiter mønsteret frå drops designs
Strikka i drops fabel og drops alpakka. Str 4 år.


søndag 6. mai 2012

Då var pulsvarmarar ferdig, sånn litt i siste liten. Ikkje heilt fornøgd, men det får stå sin prøve.

Oppskrifta har eg funne hjå ein annan bloggar, Hobbyugla. Link til blogg og oppskift finn de her

Sånn blei i alle fall mine, denne gongen. Fargen kjem ikkje heilt godt fram her, men dei er blågrønne.