Viser innlegg med etiketten sokker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sokker. Vis alle innlegg

mandag 23. mars 2015

Ufo

Sokkane til svigerfar blei omsider ferdig i går. Har nokre trådar igjen å feste, men det går kjapt på dei der.

Så då får eg finna fram ein ufo eg har liggande. Ein tunika til meg sjølv. Starta på den for ei god stund sidan, men av ein eller annan grunn så sa det stopp då eg kom til armane. Så den ligger stuva vekk, fram til no. Er jo igrunn ikkje så masse igjen på den trur eg.

fredag 20. mars 2015

Sur og stressa

Eg har den siste tida jobbe med presanger til svigermor og svigerfar. Eit stort fint sjal blei det til svigermor. Og svigerfar, han skulle få eit par strikka sokker.

Sjalet tok tid, men det blei ferdig i god tid.

Sjalet er ca 150 cm langt og veg 110 g
Sjalet er strikka i drops alpakka silk brushed

Så då var det berre til å kaste seg over sokkane til svigerfar. Han skulle få ordentlige sokkar med "skitt fiske" på. Og eg satte i gong. Ivrig i starten, litt mindre ivrig når bokstavar skulle på plass, og forsvann ned i kjellaren då det skulle vera mønster både foran og bak på leggen etter bokstavane. Men eg fortsatte.
Hælen kom på plass og alt var felt av, så då var det berre til å dure framover på sokken. Men før eg gjorde det, så tenkte eg at mannen kunne prøve dei på, berre for å sjå kor mykje meir eg faktisk skulle strikke. Vel, han fekk ikkje bokstavpartiet over hælen sin han. Og begynte å snakke om utviding og slikt. Eg berre såg på han. Utvide? Sokken er nesten ferdig og så seier du at eg skal utvide.... Gnom!



Bursdagsbesøket for svigermor og svigerfar er i morgon. Nett no er eg usikker på om det blir noko presang til svigerfar

mandag 23. februar 2015

Ut på tur, utan strikketøy

Nei, det går ikkje.
Eg fekk ein hotellweekend i Bergen by, til jul av min mann. Med show fredag, kino lørdag og litt shopping og slikt lørdagen. Men eg hadde ikkje med meg noko strikketøy. Nett då så hadde eg ikkje noko å strikke på. Men eg var lur. Før eg reiste fredag, leita eg opp kva strikkebutikker som var i Bergen. Det måtte jo finnast nokon? Og joda. Eg viste allereie om Norwegian Spirit på togstasjonen, men no fann eg ein ute i gågata. Så då lørdagen kom, klødde eg i fingrane etter eit strikketøy. Så opp og ut med meg og ut for å finne butikk. Som sagt så gjort.
Og der fann eg eit nydelig sterk garn, som eg berre måtte ha. Og strikkepinnar som eg falt pladask for i etterkant.
Den spede start
Satte oss ned på ein kafe etterkvart og eg opp med pinanr og garn og la opp. Her skulle det blir sokker.

Og sokker vart det etterkvart. Eit nydelig sennepsfarga par dukka fram etterkvart. Serpentine socks av Wendy D. Johnson. Ho har mange fine, så eg har vist ei bok eller to av ho liggande på nettbrettet.

Tå opp og igrunn ganske kjappe og enkle å lage. Eg koste meg masse i helga. Både med strikketøy og hotellweekend.

Ferdig med sokkane.

Slange som bukter seg oppover