søndag 16. desember 2012
Død blogg skal bli prøvd vekt til live igjen.
Det har blant anna blitt tre tepper til jul. Og nokre pulsvarmarar til ein hemmelig venn.
I tillegg så blir det laga ein del andre ting til jul, som blir gitt vekk til venner og kjente. Noko blir laga no, noko har blitt laga i løpet av hausten.
Pulsvarmerene er henta frå hobbyugla sin blogg
Oppskrift på teppet er funne på drops sine sider.
tirsdag 21. august 2012
Ein jakke til ?
Det blei vist det. Eldste jenta mi syntes at min var så fin, så ho og ville ha ein. Så ho valgte seg ut garn og farge sjølv og i løpet av helga så blei det ein jakke til ho og. Ho vart veldig fornøyd. Fekk bestemma lengde og slikt sjølv. Så dermed blei den akkurat slik som ho ville.
Har ein sterk mistanke om at eg må hekle ein til minstemor i huset og. Ho har allerede bestemt farge. Rosa så klart.
onsdag 15. august 2012
Jakken er ferdig !
Dette gjekk kjapt. Trur denne enkelt kan lagast i løpet av ei helg, dersom det skulle vera nødvendig. Og finast av alt med denne oppskrifta. Det er ingen delar som skal syast saman.
fredag 10. august 2012
Jakken
Sjå, det liknar på noko. Går kjapt dette.
Og nokre dagar seinare så begynner det verkeleg å likne på noko. Håpar å bli ferdig i dag.
torsdag 9. august 2012
Jakke på veg ?
Eg har i alle fall starta på ein jakke til meg sjølv. Eg håpar eg for den til, for den er så fin, men eg ser at det dukker opp noko rart om litt. Eg heklar no i vei og tar ting som dei kjem.
mandag 6. august 2012
Toppen er ferdig !
Dæven døtte, eg er igrunn ferdig. Eg kan hekle ein kant nede på toppen og på stroppane, men inntil vidare så blir den slik som dette.
mandag 23. juli 2012
Front ferdig
Trur eg. Eg har hekla 36 rader og det er stort nok for meg oppe. Nede derimot skulle eg nok hatt den vidare, eg er berre usikker på korleis eg skal få det til. Så eg legger vekk fronten no og startar på bakstykket. Kanskje noko blir betre når eg får dei to stykkene saman ?
lørdag 21. juli 2012
tirsdag 17. juli 2012
Sommertørke
Sommarferie på heile gjengen og då tørka heklinga ut.
Men før tørken satte inn så starta eg på nytt på toppen min. Så den ligger borti her. Klar til å fortsettas på, når eg får ånden over meg. Dei siste dagane har eg hekla litt på evighetsprosjektet mitt. Eit sjal.
Det er heilt enkelt, ikkje noko kompliserte greier, men nøstet eg brukar eg er så forbaskade stort. Og tanken var liksom å bruker opp det nøstet på sjalet. Nøstet er Drops sitt Verdi
Som de ser så er nøstet ganske stort. Men no begynner det endelig å minke på det.
Det beste hadde vert å blitt ferdig med dette. Eg har toppen som eg vil hekle til eg og ein jakke til meg sjølv som eg har planar om å hekle. Og når høsten kjem så blir det fort nokre småting til jenten.
torsdag 28. juni 2012
Dette kan jo bli morsomt
Så satte eg i gong. 80 masker blei lagt opp ( eg stussa allerede her ) med pinne nr 4,5. Opp nesten ein storleik i forhold til oppskrifta.
1. omgang var noko stort knot. Eg holdt på å hive heile greia i frå meg der og då. Meeeen, underteikna er ein smule sta og hadde eg først satt i gong så skulle det fullførast.
2. omgang gjekk så mykje betre. Det begynte å ta form. Ivrig fortsatte eg ut omgangen. Så står det nokre greier sist på omgangen. At den no skal måle ca 42 cm. Jada, min måler 36 cm dersom eg draaaaar i den. Og det erjo ikkje heilt meininga.
Står så fint at no er tida for gjera endringar, slik at den passar. Jadda. Eg må studera opplegget litt. Den må i alle fall bli lengre oppe. Ser ut til at den passar over bysten, nedover er eg litt usikker. Lurer på om eg vil ha den lengre der og. Ulempen med alt dette er vel at eg må rekka alt opp igjen og ta h¤#%"%¤ etes omgangen på nytt.
Heile rakkelverket slik det ser ut no
Øverste delen. Den første maskemarløren viser kor starten på bysten er. Det oppafor er liksom toppen. Så er det eit parti som skal komma rett under bysten og så fortsetter me på neste bilete.
Her er vel stykket som skal dekka magen. Den nederste maskemarkøren viser kor den utvider seg pitte litt heilt nederst.
Eg veit ikkje eg. Det stemmer liksom ikkje. Eg vil ha den lengre oppe og over magen.
Toppen i sin heilhet ser de forresten på ravelry, her.
tirsdag 26. juni 2012
Ferdig
Då trur eg jakken vart ferdig. Knappar komen på og alt er sydd saman. Skulle igrunn vert ein krage på og, men den blei berre rar og ikkje fin. Så den forsvann fort vekk.
Håpar eg får gitt den til den lille snuppa som skal ha den snart.
Og neste prosjekt ligg klart. Topp til meg i garnet Vipe frå Dale.
søndag 24. juni 2012
Jakken 2
Det begynner jo å likne på ein jakke. Ingen som er meir overraska enn meg. Begge 7 omgangar igjen, så er sjølve jakken ferdig. Skal syast saman og visstnok ha litt meir dill på ermene og i halsen. Får no nett sjå på det.
lørdag 23. juni 2012
Jakken
Det store spørsmålet i heimen akkurat no: Blir dette til ein jakke til slutt ?
Alle delane er ferdig og eg har så vidt starta på jobben med å hekle det saman. Sett rart ut akkurat no, eg håpar det ser litt betre ut seinare. Det bør den, ellers blir det ein jakke til ein av jentene mine sine dukker.
mandag 18. juni 2012
Kjolen
No kan eg visa kjolen som eg hekla til niesa mi. Ho hatt fått den og eg trur jo hatt brukt den. Held på med ein jakke som eg har tenkt ho kunne bruka til, men det gått litt tregt akkurat no.
Bortsett frå det har det blitt eit skaut til og eg har planar om både jakke og topp til meg sjølv. Berre eg blir ferdig med den lille jakken først.
lørdag 12. mai 2012
Ingen tunika
Så akkurat no sitter eg å grubler på om eg skal begynne på noko nytt å hekle eller om eg berre skal daffe med ei bok ? Det er lov det, når ein har fiksa og ordna huset til helga.
torsdag 10. mai 2012
Eg er gal !
Satt i gang med denne i går eg. Opprinnelig tenkt til den mellomste jenta mi på 17 mai. Har inga aning om den blir ferdig eller passelig. Å hekle noko slikt uten ei oppskrift som gjer skikkelege mål gjer eg ikkje igjen med det første.
tirsdag 8. mai 2012
Heklet skaut
Mellomste ville ha noko til å ha i håret, så då falt valget på denne. Må berre setta inn knapp så er den heilt ferdig.
søndag 6. mai 2012
Korleis heile hekleriene starta
Så var tida for å avansere litt. Så dermed fann eg oppskrift og satte i gong med kjolar til jentene mine. Fort gjort og begge jentene har fått kvar sin hekla kjole i garnet Paris.
Så har det blitt ein kjole til. Den er hemlig inntil vidare, men innmari fin. Har nettopp bestilt garn til ein jakke som eg håpar kan følgje med den siste kjolen.
Og så har eg hekla nok eit sjal. Etter oppskrift. Og det funker. Må slå opp inn i mellom, korleis dei ulike maskene blir laga, men eg får det til. Og det blir fint.
Bortsett frå nevnte jakke er eg litt usikker på kva eg skal setta i gong med no. Skal ut på garnjakt i morgon. Tenkte å lage nokre skaut til jentene mine. Eventuelt nokre fleire pulsvarmarar og sjal. Kan vera greit å ha liggande til jul. Og småting kan alltids vera greie å ha liggande til bursdagsbesøk og slikt.
Oppskrifta har eg funne hjå ein annan bloggar, Hobbyugla. Link til blogg og oppskift finn de her
Sånn blei i alle fall mine, denne gongen. Fargen kjem ikkje heilt godt fram her, men dei er blågrønne.
lørdag 5. mai 2012
Pulsvarmere
Prøver meg på nokre pulsvarmarar. Kom plutselig på at eg måtte ha noko til ein konfirmant i morgon.
Lagde ein først. Den blei for liten. Hekla så ein til og fann ut at det var på tide å ta kvelden. Får ta den andre i morgon ( tidlig )
Link til mønster og slikt kjem, må berre finna rett blogg og slikt.
Hjertensfryd
Ein liten blogg er i sin spede start. Om det blir noko ut av dette, er enno usikkert. Bloggen kjem til å dreie seg om mine små hobbyar og interesser.
Ettersom eg nylig har lært meg å hekle så kjem nok dette til å prege bloggen. Både prosjekter in spe og ferdige ting.
Foto leikar eg meg og med litt inn i mellom. Ikkje så mykje no som før, men eg har mine augenblikk.
Sidan eg studerer ernæringsfysiologi så er eg naturlig nok litt opptatt og interessert i mat og ting som er relatert til mat.
Og så klart familien min. Dei 3 trollungane mine, kjem nok og til å dukka opp med små gjesteopptredner inn i mellom.

